Ringevikarer

Fjell-Ly leirstad

ImF Midthordland

0rg.nr. 971561262

Fjell-ly er ein leirstad for born og ungdom tilknytta ImF Midthordland. Leirstaden ligg på Møvik i Fjell kommune, Sotra. Staden blir først og fremst nytta til leirar for born og ungdom, men også i stor utstrekning til andre arrangement som selskap, bryllup, catering, kurs, menighetsturar osb.

 

Grunna auka aktivitet, ønskjer vi å knyta til oss ringevikarar som kan trå til når behovet er stort, og vi ikkje har nok mannskap elles. Vi treng gjerne fleire personar som kan dekka fleire felt:

  1. Kokk/kokekyndig person. Treng ikkje ha fagbrev, men erfaring frå storhushaldning er ein fordel, eller vera svært glad i å laga mat.  Vedkomande må vera sjølvstendig, samarbeidsvillig, kreativ og ha sansen for god mat.
  2. Reinhaldsassistent. Dette blir ikkje ofte, men det kan vera i travle tider der det er avreise og ankomst på same dag, eller ved sjukdom og ferieavvikling
  3. Resepsjonist. Dette blir heller ikkje ofte, men kan vera aktuelt i enkelte samanhengar

Stillingane kan kombinerast med studier eller annan jobb.

Arbeidet vert avlønna på timebasis etter Indremisjonsforbundets lønnsregulativ.

Den som blir tilsett må kunna identifisera seg med ImF Midthordland sitt grunnlag og formål.

Spørsmål om stillinga(ne) kan rettast til dagleg leiar:

Solveig D. Holth , 56 31 04 40, e-post: dagligleder@fjell-ly.no

 

Send søknad m/attestar og vitnemål snarast, til

Fjell-ly leirstad, v/ dagleg leiar, Møvikvegen 193, 5357 Fjell

eller på epost: dagligleder@fjell-ly.no