Ledig stilling som kokk

Har du lyst å være med på laget? Vil du ha ein utfordrande jobb med matlaging til barn og unge på leir, til selskap, catering, weekender, kurs osv?

Vi har ledig vikariat på ubestemt tid.

sjå utlysninga her:


Fjell-ly er ein leirstad for born og ungdom tilknytta Midthordland Indremisjon. Leirstaden ligg på Møvik i Fjell kommune, Sotra. Staden blir først og fremst nytta til leirar for born og ungdom, men også i stor utstrekning til andre arrangement som selskap, bryllup,  kurs, menighetsturar osb.
 

 

Grunna langtids sjukdom, har vi ledig vikariat som

Kokk/kokekyndig person i 20-50% stilling.

Vi treng ein person som kan jobbe ca kvar 3.helg og enkelte dagar i vekene.

Storleiken på stillinga kan utgjera ca 20-50% avhengig av kvalifikasjonar og fleksibilitet.

Her er utfordring for både faglært og ufaglært kokk / kokekyndig person. Arbeidet er variert med alt frå leirar til ulike lag/menighetsweekender, kurs, catering, minnesamvær, selskap, bryllup…

Stillinga kan kombinerast med studier eller annan jobb. Den kan også aukast med andre oppgåver som t.d. reinhald.

Vi har arrangement stort sett kvar helg, og treng fleire hender på kjøkkenet. Du må kunne jobbe sjølvstendig, og samtidig kunne jobbe godt i team. Du får ansvaret for matlaginga når du er på jobb. Erfaring frå storkjøkken er ein fordel.

Arbeidet vert avlønna på timebasis etter Indremisjonsforbundets lønnsregulativ.

Den som blir tilsett må kunna identifisera seg med Midthordland Indremisjon sitt grunnlag og formål.

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar:

Solveig D. Holth , 56 31 04 40, e-post: dagligleder@fjell-ly.no

 

Send søknad m/attestar og vitnemål snarast, til

Fjell-ly leirstad, v/ dagleg leiar, Møvikvegen 193, 5357 Fjell

eller på epost dagligleder@fjell-ly.no