På plakaten:

Selskap

Legg selskapet til Fjell-ly!

Skal du arrangere bryllup, konfirmasjon, rund dag, barnedåp e.l.? Då er Fjell-ly staden for deg. Vi har fleire flotte lokale som kan nyttast. Vi kan arrangere heile selskapet med mat og servering, eller berre leige ut lokale for dei som ynskjer å ordne alt sjølv. I tillegg kan gjestar overnatte dersom dei treng det.   

Kjøkkenet vårt lagar heimelaga mat av god kvalitet, og ein triveleg stab av servitørar vil gjera dagen til ei minneverdig oppleving.  

For selskapsmeny (konfirmasjon, stor dag, barnedåp) klikk her: Selskapsmeny 2012  .  Vi har eigen bryllupsmeny her: Bryllupsmeny 2012

Dersom de ynskjer å leiga lokale og ordna maten sjølv, kan de gjera det i bislaget eller kaféen.  Matsal, møtesal og peisestove leiger vi ikkje ut utan matservering.  Klikk her for prisar leige lokale 2012

Bowlinghallen kan også leigast i tillegg for kr. 500,- pr. time. Den må bestillast spesielt i eit bestemt tidsrom sidan det er eigne folk som tek seg av denne.  Sjå elles bowlingsidene for meir info

Lokale   

Møtesalen har plass til 100-120 gjester alt etter korleis borda blir stilt opp. Vi leiger ikkje ut møtesalen utan matservering.

  

Matsalen kan ha plass til opp mot 80 pers.

  

  

Bislaget ligg ved gymsalen som også kan leigast ved sida av. Her er det plass til 35-40 pers. Det er også eit tekjøkken knytta til.

Kaféen har plass til 25-30 pers. Her er det også eit tekjøkken knytta til.

   

For meir informasjon og bestilling: Kontakt Daglig Leder Solveig D. Holth på tlf: 56310444 eller epost: dagligleder@fjell-ly.no